Ansiktskrem med ryllik & appelsin

Ansiktskrem med ryllik & appelsin

kr 340

Symre ansiktskrem med ryllik & appelsin (60 ml)

Symre ansiktskrem er ein frisk og oppkvikkande ansiktskrem med nydeleg aroma av appelsin. Kremen er mjukgjerande og næringsrik, med naturleg talg som inneheld feittløyselege vitaminar som A, D, E, K. Kremen inneheld også ryllik hausta i utmark på eigen gard. Ryllik er ein gamal medisinplante med fantastiske eigenskaper, som mellom anna har ein rensane effekt på huda. Eterisk olje av appelsin har rensande og oppfriskande eigenskapar, og har ein frisk og oppløftande aroma.

(Innhald: Talg av grasfôra, økologisk storfe frå Een gard, tistelolje, uttrekk av villhausta ryllik, eterisk olje av appelsin.)

På lager

-
+ Legg til ønskeliste
Report Abuse

Produktinfo

Symre ansiktskrem med ryllik & appelsin (60 ml)

Symre ansiktskrem er ein frisk og oppkvikkande ansiktskrem med nydeleg aroma av appelsin. Kremen er mjukgjerande og næringsrik, med naturleg talg som inneheld feittløyselege vitaminar som A, D, E, K. Kremen inneheld også ryllik hausta i utmark på
eigen gard. Ryllik er ein gamal medisinplante med fantastiske eigenskaper, som mellom anna har ein rensane effekt på huda. Eterisk olje av appelsin har rensande og oppfriskande eigenskapar, og har ein frisk og oppløftande aroma.

(Innhald: Talg av grasfôra, økologisk storfe frå Een gard, tistelolje, uttrekk av villhausta ryllik, eterisk olje av appelsin.)

 Om Symre
Symre hudkrem vert lagd på ein liten vestlandsgard på Voss. Me er opptekne av å nytta oss av naturlege og lokale råvarer, og ikkje minst ressursgrunnlaget me har på garden. Me har grasfôra og økologisk storfe av den lokale gamalrasen Vestlandsk fjordfe. I tråd med vår filosofi om å nytte heile dyret, lagar me hudkrem av talget frå dyra. Talg av grasfôra dyr er fantanstisk for huda vår. Det har særs lik feittsyreprofil som huda, og inneheld feittløyselege A, D, K og E-vitaminar. Kort sagt inneheld talg alt det gode huda vår treng. I tillegg til talget inneheld hudkremane våre berre 2–3 andre ingrediensar –mellom anna blomar og urter hausta frå innmark og utmark. Slik at du er trygg på kva du smører på huda di.

Handlaga og miljøvennleg
Ved å kjøpe Symre hudkrem får du eit lokalt handverk laga på lokale ressursar. Du får trygge og miljøvennlege produkt som er heilt utan plastikkemballasje. Du støttar vestlandsk jordbruk og levande bygder, ei kvinnebedrift og små arbeidsplassar.

Generelt

KategorierTil henne og Velvære

Ingen merke.

Ingen dokumenter.

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bare innloggede kunder som har kjøpt dette produktet kan legge igjen en omtale.

Leverandørinformasjon

  • Butikknavn: Symre
  • Leverandør: Symre
  • Ingen anmeldelser funnet enda!