Gavepakke lys & leppepomade

Gavepakke lys & leppepomade

kr 240

Ei nydeleg lita gavepakke med NORDljos og Leppepomade med ryllik & mynte.

Me pakker inn alle gavepakker med fint papir – fiks ferdig! Gavepakkene kan me også sende direkte til den som skal få den. Då skriv du inn mottakar si adresse inn som leveringsadresse når du betaler.

Har også fleire ulike gavepakker – dei finn du her!

På lager

-
+ Legg til ønskeliste
Report Abuse

Produktinfo

Ei nydeleg lita gavepakke med NORDljos og Leppepomade med ryllik & mynte.

Me pakker inn alle gavepakker med fint papir – fiks ferdig! Gavepakkene kan me også sende direkte til den som skal få den. Då skriv du inn mottakar si adresse inn som leveringsadresse når du betaler.

Har også fleire ulike gavepakker – dei finn du her!

Gavepakken inneholder:

Ekta talgljos  (60 ml)

Me nyttar berre det aller finaste talget til hudkrem. Men me vil gjerne nytte alle ressursar, og lagar difor ekta talgljos av resten – slik som i gamledagar. Talgljosa har lang brenntid, brenn jamt og gir betre inneklima enn vanlege stearinljos.

(Innhald: Talg av grasfôra, økologisk storfe frå Een gard og bivoks.)

Symre leppepomade med ryllik  (15 ml)

Symre leppepomade med ryllik er mjukgjerande og god for tørre og såre lepper. Talg gir leppene mjuke og gir næring og fukt. Ryllik er ein gamal medisinplante med fantastiske eigenskaper, som mellom anna har ein rensane, såhelande og antiseptisk effekt på huda. Leppepomaden kan ha god effekt ved utbrot av munnsår og lindrar rifter og sår på munnen.

(Innhald: Talg av grasfôra, økologisk storfe frå Een gard, olivenolje, honning, eterisk olje av ryllik.)

 Om Symre
Symre hudkrem vert lagd på ein liten vestlandsgard på Voss. Me er opptekne av å nytta oss av naturlege og lokale råvarer, og ikkje minst ressursgrunnlaget me har på garden. Me har grasfôra og økologisk storfe av den lokale gamalrasen Vestlandsk fjordfe. I tråd med vår filosofi om å nytte heile dyret, lagar me hudkrem av talget frå dyra. Talg av grasfôra dyr er fantanstisk for huda vår. Det har særs lik feittsyreprofil som huda, og inneheld feittløyselege A, D, K og E-vitaminar. Kort sagt inneheld talg alt det gode huda vår treng. I tillegg til talget inneheld hudkremane våre berre 2–3 andre ingrediensar –mellom anna blomar og urter hausta frå innmark og utmark. Slik at du er trygg på kva du smører på huda di.

Handlaga og miljøvennleg

Ved å kjøpe Symre hudkrem får du eit lokalt handverk laga på lokale ressursar. Du får trygge og miljøvennlege produkt som er heilt utan plastikkemballasje. Du støttar vestlandsk jordbruk og levande bygder, ei kvinnebedrift og små arbeidsplassar.

Generelt

KategorierGavesett, Jul, Til henne og Velvære

Ingen merke.

Ingen dokumenter.

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bare innloggede kunder som har kjøpt dette produktet kan legge igjen en omtale.

Leverandørinformasjon

  • Butikknavn: Symre
  • Leverandør: Symre
  • Ingen anmeldelser funnet enda!