Handkrem med furunålolje

Handkrem med furunålolje

kr 340

Symre handkrem med furunålolje
(60 ml)
Symre handkrem med furunålolje er ein mjukgjerande og næringsrik handkrem. Den er laga med talg av grasfôra og økologisk storfe frå garden vår, og med norskprodusert furunålolje. Kremen er mjukgjerande og næringsrik, og talget inneheld feittløyselege vitaminar som A, D, E, K. Og furunålolja har sårhelande og antiseptisk effekt. Kremen er perfekt for dei som slit med tørre og sprukne hender. Kremen er like gode til sprukne arbeidsnevar frå mange timar i praktiske yrker, som til verkande hender etter mange timar bak tastaturet. Kremen har ein frisk aroma av furunål, som gjer at den også kan passe godt til menn.

(Innhald: Talg av grasfôra, økologisk storfe frå Een gard, tistelolje, norskprodusert furunålolje frå Kragerø.)

På lager

-
+ Legg til ønskeliste
Report Abuse

Produktinfo

Om Symre
Symre hudkrem vert lagd på ein liten vestlandsgard på Voss. Me er opptekne av å nytta oss av naturlege og lokale råvarer, og ikkje minst ressursgrunnlaget me har på garden. Me har grasfôra og økologisk storfe av den lokale gamalrasen Vestlandsk fjordfe. I tråd med vår filosofi om å nytte heile dyret, lagar me hudkrem av talget frå dyra. Talg av grasfôra dyr er fantanstisk for huda vår. Det har særs lik feittsyreprofil som huda, og inneheld feittløyselege A, D, K og E-vitaminar. Kort sagt inneheld talg alt det gode huda vår treng. I tillegg til talget inneheld hudkremane våre berre 2–3 andre ingrediensar –mellom anna blomar og urter hausta frå innmark og utmark. Slik at du er trygg på kva du smører på huda di.

Handlaga og miljøvennleg
Ved å kjøpe Symre hudkrem får du eit lokalt handverk laga på lokale ressursar. Du får trygge og miljøvennlege produkt som er heilt utan plastikkemballasje. Du støttar vestlandsk jordbruk og levande bygder, ei kvinnebedrift og små arbeidsplassar.

Generelt

KategorierTil han, Til henne og Velvære

Ingen merke.

Ingen dokumenter.

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bare innloggede kunder som har kjøpt dette produktet kan legge igjen en omtale.

Leverandørinformasjon

  • Butikknavn: Symre
  • Leverandør: Symre
  • Ingen anmeldelser funnet enda!