Nordljos

Nordljos

kr 120

Ekta talgljos  (60 ml)

Me nyttar berre det aller finaste talget til hudkrem. Men me vil gjerne nytte alle ressursar, og lagar difor ekta talgljos av resten – slik som i gamledagar. Talgljosa har lang brenntid, brenn jamt og gir betre inneklima enn vanlege stearinljos.

(Innhald: Talg av grasfôra, økologisk storfe frå Een gard og bivoks.)

På lager

-
+ Legg til ønskeliste
Report Abuse

Produktinfo

Ekta talgljos  (60 ml)

Me nyttar berre det aller finaste talget til hudkrem. Men me vil gjerne nytte alle ressursar, og lagar difor ekta talgljos av resten – slik som i gamledagar. Talgljosa har lang brenntid, brenn jamt og gir betre inneklima enn vanlege stearinljos.

(Innhald: Talg av grasfôra, økologisk storfe frå Een gard og bivoks.)

Om Symre
Symre hudkrem vert lagd på ein liten vestlandsgard på Voss. Me er opptekne av å nytta oss av naturlege og lokale råvarer, og ikkje minst ressursgrunnlaget me har på garden. Me har grasfôra og økologisk storfe av den lokale gamalrasen Vestlandsk fjordfe. I tråd med vår filosofi om å nytte heile dyret, lagar me hudkrem av talget frå dyra. Talg av grasfôra dyr er fantanstisk for huda vår. Det har særs lik feittsyreprofil som huda, og inneheld feittløyselege A, D, K og E-vitaminar. Kort sagt inneheld talg alt det gode huda vår treng. I tillegg til talget inneheld hudkremane våre berre 2–3 andre ingrediensar –mellom anna blomar og urter hausta frå innmark og utmark. Slik at du er trygg på kva du smører på huda di.

Handlaga og miljøvennleg
Ved å kjøpe Symre hudkrem får du eit lokalt handverk laga på lokale ressursar. Du får trygge og miljøvennlege produkt som er heilt utan plastikkemballasje. Du støttar vestlandsk jordbruk og levande bygder, ei kvinnebedrift og små arbeidsplassar.

Generelt

KategorierInteriør, Lys og lysholdere, Til han og Til henne

Ingen merke.

Ingen dokumenter.

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bare innloggede kunder som har kjøpt dette produktet kan legge igjen en omtale.

Leverandørinformasjon

  • Butikknavn: Symre
  • Leverandør: Symre
  • Ingen anmeldelser funnet enda!