Symre naturell

Symre naturell

kr 300

Symre naturell (60 ml)
Symre naturell er ei universalsalve for heile kroppen. Den er mjukgjerande, næringsrik og inneheld berre to ingrediensar. Dette gjer den særs god for dei som slit med allergiar og sensitiv hud. Symre naturell er også ei perfekt barnesalve, trygg og god. Smør den på bleieutslett eller bruk den som kuldekrem.

(Innhald: Talg av grasfôra, økologisk storfe frå Een gard, tistelolje.)

På lager

-
+ Legg til ønskeliste
Report Abuse

Produktinfo

Symre naturell (60 ml)
Symre naturell er ei universalsalve for heile kroppen. Den er mjukgjerande, næringsrik og inneheld berre to ingrediensar. Dette gjer den særs god for dei som slit med allergiar og sensitiv hud. Symre naturell er også ei perfekt barnesalve, trygg og god. Smør den på bleieutslett eller bruk den som kuldekrem.

(Innhald: Talg av grasfôra, økologisk storfe frå Een gard, tistelolje.)

 Om Symre
Symre hudkrem vert lagd på ein liten vestlandsgard på Voss. Me er opptekne av å nytta oss av naturlege og lokale råvarer, og ikkje minst ressursgrunnlaget me har på garden. Me har grasfôra og økologisk storfe av den lokale gamalrasen Vestlandsk fjordfe. I tråd med vår filosofi om å nytte heile dyret, lagar me hudkrem av talget frå dyra. Talg av grasfôra dyr er fantanstisk for huda vår. Det har særs lik feittsyreprofil som huda, og inneheld feittløyselege A, D, K og E-vitaminar. Kort sagt inneheld talg alt det gode huda vår treng. I tillegg til talget inneheld hudkremane våre berre 2–3 andre ingrediensar –mellom anna blomar og urter hausta frå innmark og utmark. Slik at du er trygg på kva du smører på huda di.

Handlaga og miljøvennleg
Ved å kjøpe Symre hudkrem får du eit lokalt handverk laga på lokale ressursar. Du får trygge og miljøvennlege produkt som er heilt utan plastikkemballasje. Du støttar vestlandsk jordbruk og levande bygder, ei kvinnebedrift og små arbeidsplassar.

Generelt

KategorierTil barna, Til henne og Velvære

Ingen merke.

Ingen dokumenter.

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bare innloggede kunder som har kjøpt dette produktet kan legge igjen en omtale.

Leverandørinformasjon

  • Butikknavn: Symre
  • Leverandør: Symre
  • Ingen anmeldelser funnet enda!